Esacon
© Copyright 2019 post@esacon.no
Verified AS har sidan 2014 tilbydd kundar over heile Skandinavia ei komplett e-signeringsteneste basert på BankID. Vi møter Verified i lyse lokaler i hjartet av Oslo, og blir varmt mottekne av gründer Julian Berger, som har følgd Verified sidan start.

“Verified hadde aldri søkt SkatteFUNN-støtte uten Esacon,” fortel Julian. “Tunge administrative prosesser går ikke hånd i hånd med gründersinn - og definitivt ikke med Verified. Det er et prioriteringsspørsmål, rett og slett. Jeg vil heller gjøre det jeg er best på, og overlate SkatteFUNN-biten til noen andre - akkurat som våre kunder benytter Verified for å løse til dels komplekse administrative prosesser.”

Verified starta i Sverige i 2012. Julian kom inn i biletet då Signer skulle utvide til Noreg i 2014, og vart hovudpådrivar for utviklinga av den multifunksjonelle signeringsplattformen slik den framstår i dag. Bedrifta søkte SkatteFUNN ved hjelp av Esacon for første gong i 2016, og har hittil fått innvilga totalt tre søknader.

“Det var null risiko for oss å søke SkatteFUNN på denne måten,” seier Julian. “Det er ikke sunn fornuft å si nei takk til No Cure No Pay, og faktura etter at støtten er utbetalt. Modellen er spot on.”

Verified har dei siste åra vore i stadig vekst, og har i dag kundar i mange ulike bransjar. I ein marknad med stadig fleire aktørar meiner Julian at det er ekstra viktig å fokusere på vidare utvikling av innovative løysingar.

“Verified forenkler måten mennesker inngår avtaler,” seier han. “Målet vårt er, som alltid, å levere et fullstendig og brukervennlig produkt som dekker alle behov. Plattformen vår er dessuten bygget for å støtte spesifikasjonene gitt av EU i eIDAS-forordningen, og kan i dag brukes i hele EU.”

Gjennom eit nytt SkatteFUNN-prosjekt er bedrifta no i full gang med utviklinga av eit komplett kvitevaskingsprodukt. Julian seier dei har fått mange spanande kundar som følgje av dette, spesielt innan bank- og finanssektoren.

“Vi vil gjerne anbefale Esacon videre,” avsluttar han. “Det er lett for oss å anbefale en aktør der modellen er så åpen som hos dere.”